
Fortjent siger mot Brumunddal
Årdal FK møtte i dag 3. divisjonslaget Brumunddal til nest siste treningskamp. Gjestane kom foran med 1-0 men etter dette tok heimelaget tak og vant tilslutt ein fortjent 4-2 siger.
Årdal FK - Brumunddal 4-2 (2-1) 28. mars kl. 16:00 Jotun krøllgras
0-1 22. min 1-1 31. min Edvin Hestetun 2-1 40. min Preben Strypet ( Terje Andreas Jevanker) 3-1 50. min Christian Stedje ( Bernard Brons) 3-2 75. min 4-2 80. min Preben Strypet ( Edvin Hestetun)
Gult kort: Terje Andreas Jevnaker og Bernard Brons, Årdal FK
Årdal FK: Vegard Skjeldestad ( Stian Karlsen 85. min) Jørn Skjeldestad ( Tim Teigen 80. min) Bernard Brons ( Sverre Heggheim 60. min) Ørjan Stedje Ylvisåker Gunnar Heggheim ( Jonas Sørebø 70. min) Terje Andreas Jevnaker Roy Olsen Edvin Hestetun Tim Teigen (Johnny Aspeseter 70. min) Brede Stedje Ylvisåker (Christian Stedje 46. min) Preben Strypet
Kampen starta med at heimelaget hadde mykje ball, men Brumunddal var farlege på kontringar og dei var på stadige visittar framfor målet til Vegard. Høgrekanten til bortelaget gjorde livet surt for Gunnar da han gang på gang kom rundt på kanten og fekk lagt inn.
Første målet fekk me etter 22 minuttar og det var bortelaget som tok ledelsen. Dei kom seg rundt på høgrekanten og ein Brumunddal spelar fekk stå rimeleg aleina på 11-12 meter og kunne roleg plassera ballen i lengste hjørna. Etter dette tok ÅFK meir og meir over og utlikninga kom etter 31 minutt på eit fantastisk langskot fra Edvin. Han plukka opp ei dårleg klarering fra bortelaget og fekk eit klokkereint treff og ballen låg klistra i krysset. Ei flott scoring av midtbanekrigaren.
Heimelaget tok leiinga 2-1 etter 40 minuttar da Preben plasserte ballen i lengste hjørna med ei vakker heading etter innlegg fra Terje Andreas. Dette resultatet stod seg til pause og heimelaget kunne gå i garderoben med i fortjent leiing.
Christian erstatta Brede i pausen og etter 5 minuttar av 2. omgang skulle han få æra av å sette inn 3-1. Ein strålande langpassning fra Bernard fant Christian i bakrommet og ei presis avsluttning betydde ein riktig så god start på omgangen. Heimelaget hadde full kontroll i starten og kom på fleire farlege visittar framfor Brumunddal sin målvakt. Etter ein dryg time så måtte Bernard ut etter at han fekk seg ein trøkk i ansiktet i ein duell. Bortelaget tok no meir og meir over og dei skapte nokre farlege sjansar. Reduseringa kom i det 75. minutt på ei flott heading fra 17-18 meter som gjekk i ein fin boge over Vegard i ÅFK målet.
Dette fekk fart på ÅFK spelarane som tok meir og meir over på slutten. 10 minuttar før slutt fastset Preben sluttresultatet til 4-2. Edvin sender i veg eit frispark framfor mål og det virkar som at keeper har full kontroll, men glepp ballen og Preben kan enkelt pirka den over målstreken. Ikkje patent keeperspel i den situasjonen.
Jørn Skjeldestad måtte ut 10 minuttar før slutt med ein smell i kneet. Dette medførte at Tim måtte inn på bana igjen etter å ha blitt bytta ut 10 minuttar tidlegare.
Alt i alt ein god kamp av heimelaget.
|