Juniorkamp vinterserien Årdal FK-Syril 3-0 (2-0)
29.11.2009 11:48:29
Årdal FK sine juniorar vann ein fortent siger mot Syril på fredagskvelden
Vinterserien junior Årdal FK-Syril 3-0 (2-0) Jotun stadion kunstgras 27.11.2009
1-0 2 min Daniel Eide (Steffen Rodal Jacobsen)
2-0 10 min Jardar Hovland (Rebin Babcan)
3-0 75 min Jonas Hestetun
Lagoppstilling: Stian Karlsen, Rebin Talib (Eirik Rørvik i 15 min), Fredrik Prestegård, Per Sandnes, Eivind Breivik, Jardar Hovland, Daniel Eide (Sondre Wahl Moen i 10 min) , Ole Morten Jevnaker, Steffen Rodal Jakobsen (Marius Hestetun i 70 min), Jonas Hestetun, Rebin Babcan (Allan Hestetun i 20 min)
Årdal FK starta kampen godt og leia 2-0 etter 10 min spel. Det fyrste målet kom etter ein kårner frå Steffen som Daniel nikka kontant i nettet. Etter 10 min kom det eit nytt innlegg som Jardar sette inn med hovudet, sin tredje skåring med hovudet på 3 kampar.
Etter dette sank kvaliteten på kampen resten av omgangen, og me såg lite godt fotballspel. Syril hadde ingen sjansar i denne omgangen.
Andre omgang var kvalitetsmessig betre, og det var fullt fortent då Jonas fekk full uttelling på eit langskot frå 20 meter når det stod att eit kvarter av kampen. Me telte ein halvsjanse til Syril i 2.omgang.
Forsvarsmessig gjorde me ein god kamp, men det er ein del å gå på i det offensive spelet.
Som i Lærdal førre kamp, var Per Sandnes god i midtforsvaret.