Vil du gje Årdal FK ei julegåve?
13.12.2009 20:57:25
Har du hugsa å gje din grasrotandel til ein frivillig organisasjon? Du kan vere med å støtte Årdal FK utan at det kostar deg ei krone. Alt du treng å gjere er å be tippekommisjonæren rigistrere Årdal FK som din grasrotmottakar før 31.12.2009. Gjer du dette, vil 5% av alt du har tippa for i 2009 gå til klubben.
Mange årdøle har allereie støtta oss gjennom grasrotandelen, med dette utspelet håpar me at endå fleire kan bli med på dette tiltaket.
Gjennom dette bidraget vil du vere med på å støtte fotballarbeidet i bygdi.
Til deg som allereie er med: Takk for støtten og god jul.
