Årdal FK får ikkje delta i NM for junior
07.01.2010 09:54:42
Grunngjevinga for dette kan du lese her.
Årdal FK vart nr 2 i si gruppe i vinterserien for juniorar, og skulle dermed spelt kvalifiseringskamp mot Sandane sitt juniorlag om å delta NM junior.
MEN, i og med at Årdal FK nytta gutespelarar frå Årdalstangen og Jotun på juniorlaget sitt i vinterserien, og ikkje eit "reint" ÅFK-lag, får me ikkje delta i NM for juniorar, ifølge SFFK.
At alle desse guttespelarane skal spele for Årdal FK komande sesong, og vil bli meldt inn i ÅFK i løpet av vinteren, endrar ikkje føresetnadane, framleis ifølge SFFK.
Dermed kan me ikkje delta i NM i år.
gkø