Kven får grasrotandelen din?
(Publisert 18.02.2009 09:50:32)

Ny ordning i Norsk Tipping gjer at du kan velgja å gje fem prosent av innsatsen din direkte til Årdal FK.

Den nye ordninga trer i kraft frå 1.mars og vert kalla Grasrotandelen. Ordninga tilseier at alle som nyttar spelekort hjå Norsk Tipping, noko som også snart vert obilgatirosk på alle spel, kan donera 5 prosent av innsatsen sin til frivillige lag og organisasjonar.
 
Årdal FK kan bli din lokale grasrot-partnar, men du må sjølv gje beskjed til Norsk Tipping om dette og registrera det. Dette tyder at det vert sett av fem prosent til Årdal Fk kvar gong du tippar alle Norsk Tipping sine spel unntatt Flax og Extra.  

Det du treng er å vita organisasjonsnummeret til Årdal FK:
Org.nr:  986 527 311

For å registrere di tilknyttning har du følgande alternativ:

SMS: Grasrotandelen 986 527 311 til 2020 (tenesta er gratis)
Internett: Dersom du er nettspelar kan du registere deg på Norsk Tipping sine sider.
Kommisjonær: Ta med deg organisasjonsnummeret og be dei registrere deg

Kommisjonærane er også utstyrt med lister over dei ulike laga som er knytt til Grasrotandelen.
| Offisiell nettstad Årdal FK |
| Design: Alf Inge Holsæter | Publiseringsverktøy: eWay |