
Privatsponsor
Klubben håpar sjølvsagt at så mange som mogeleg ser verdien i å ha eit godt fotballag i bygda og blir med og støttar klubben økonomisk. Du kan ved din deltakelse som privatsponsor gje Årdal FK ei god økonomisk plattform og basere si drift på.
Årdal FK har mange trufaste privatsponsorar som kvart år er med og bidreg til at klubben får faste inntekter kvar månad. Desse støttespelarane er klubben sin største sponsor og styret og spelarane vil takke for god støtte både på og utanfor bana.
Kjøp av privatsponsorbevis kan gjerast heile året. TRYKK HER
Her er dei forskjellige alternativa sesongen 2010:
1. 110 kroner pr. mnd - Delta i trekning av reisebrev verdi 3000 kroner. 2. 160 kroner pr. mnd - Delta i trekning av reisebrev verdi 6000 kroner. 3. 200 kroner pr. mnd - Delta i trekning av reisebrev verdi 6000 kroner + gavekort verdi 500 kroner. Alternativ 1, 2 og 3 inkluderer gratis medlemskap i Årdal FK. Alternativ 3 inkluderer i tillegg sesongkort som gjev gratis adgang til alle heimekampar.
Reisebrevet er eit gavekort frå Sognefjord reisebyrå med varigheit 1 år. Gavekortet på 500.- er ei gåve frå Tangen sport og kan nyttast i butikken i inneverande kalendarår.
Trekning av premie skjer den siste i kvar månad og blir offentlegjort på www.ardal-fk.no og ved oppslag. Vinnaren blir kontakta.
Kjøp av privatsponsorbevis kan gjerast heile året. TRYKK HER
|