Namnet Årdal FK er framleis nytt og for mange noko uvant, men trass i at klubben er ung, er det lange og sterke fotballtradisjonar som ligg til grunn.
Jotun og Tangen har gjennom generasjonar sett spor etter seg i seriesystem både i og utanfor Sogn og Fjordane, og dei mange og til tider særdeles intense lokaloppgjera sit framleis friskt i minne hjå dei som var vitne til dei, både på og utanfor bana. Hausten 2003 kom utsendingar frå fotballgruppene til Jotun og det som då heitte ÅTIL/Lærdal saman for å staka ut ein heilt ny kurs for årdalsfotballen. Manglande rekruttering og hard konkurranse om sponsorkronene gjorde sitt til at samtalane om ein felles klubb kom på bana, men dette var i realiteten ein tanke som hadde versert på begge sider av Årdalsvatnet i årevis. Møtet dei heldt den 9.oktober det året var slutten på ein prosess som for mange var svært følelsesladd. Det hadde vore usemje om alt frå draktfargar til heimearena, men for dei fleste var det namnet det stod på. Både Tangen og Jotun hadde lange idrettstradisjonar bak seg og namna var godt meisla fast i idrettssoga og debattane om kva ein eventuell samla klubb skulle kallast var mange og lange og dukka opp att med jamne mellomrom. Stiftingsmøtet, som vart endeleg fast sett etter påtrykk frå både publikum og sponsorar, fastslo at den nye klubben skulle spela under namnet Jotun Årdalstangen og at laget skulle overta Jotun sin plass i seriesstemet. Jotun spelte på denne tida i 3.divisjon, medan ÅTIL/Lærdal hadde etablert seg i toppen av 4.divisjon. Det vart også bestemt at Jotun Årdalstangen skulle stilla tre seniorlag den fylgjande sesongen, med eit 6.divisjonslag i tillegg til dei to andre. Fyrstelaget skulle ha Jotun stadion som heimebane og spela i grønt og raudt, medan 4.divisjonskampane skulle spelast i gult og blått på Cuba på Tangen. Etter ein sesong som Jotun Årdalstangen, med opprykk til 2.divisjon, vart namnet endeleg fastsett til Årdal FK på eit ekstraordinært årsmøte i november 2005. Dette var nytt og framleis vanskeleg for mange, men tre år seinare viser dei fleste statistikkane at det var det rette å gjera. Sportsleg sett er det laget som vann seriemeisterskapen i Sogn og Fjordane i 2007 det beste laget som nokon gong har representert denne bygda. Den nye klubben har til no hatt hovudfokus på seniorfotballen i bygda, medan moderklubbane Jotun og Årdalstangen har drive den aldersbestemte fotballen. Saman skal klubbane skapa eit sterkt og fruktbart fotballmiljø som skal bidra til at einskildspelarar kan få utvikla seg på eit stabilt høgt nivå, samstundes som det også skal ha tilbod til dei som ynskjer å driva fotball med lågare ambisjonar. Mellom visjonane stiftingsmøtet vedtok var at klubben innan 2010 skal etablera seg som ein god 2.divisjonsklubb og helst vera med å kjempa om opprykk til 1.divisjon. Klubben har i ei årrekke vore – og skal framleis vera – det nest beste laget i fylket etter Sogndal. |